Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lite rype i fjellet

Lite rype i fjellet

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. september 2012

Måndag 10. september starta årets rypejakt. Det blir rapportert om lite ryper i fjellet, og mange plassar er årets rypejakt rett og slett avlyst. Den seine våren og kalde sommaren må nok ta skulda for dette, og det er nok mange ryper som rett og slett har hatt mislukka klekkjing. I Møre og Romsdal vart det i fjor felt 5900 ryper, og korleis tala blir i år er det ingen som veit.

Dei siste åra har det vore ein tilbakegang på landsbasis, med 229.000 felte ryper i fjorårets sesong. I år har det vore snakk om ei halvering. På midten av 1980-talet var det nokre toppår, med fangstar heilt opp i 750.000 ryper.

Nokre haustbilder frå dei første dagane med rypejakt på Lauvåfjellet i år.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. september 2012, 22:55