Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Likar plass på jorn finj du ikkje!

Likar plass på jorn finj du ikkje!

Elinor Bolme Torsdag 3. juni 2010

Steinbit og sjynågaring.


Oppveksten på Todalsøra var aktiv og mangfoldig. Som yngst i ein
søskenflokk på fem og grenda aula med unga var det lite «dautid» fer å
sei det slik.
Dei største utfluktene var til Kvendsetgarden på «gjømsel». Etterkvart
vart radiusen utvida og sykkel var det beste framkomstmiddel. Friidretten
var og ein populær sport på den tida eg vaks opp, med Idar Bakkå og
Kåre Bruset som to av mange engasjerte tidtakarar.

Det er mange gode og kjære minne frå barndommen, som eg no kanskje kan
få gje til ein ny Todaling (henta heilt i frå Kina).

  

Shan Allan og Karin
Etter mange år i «utlendigheit» testar eg no ut kvardagslivet i Todalen.
Eg har  permisjon frå arbeidet i NHO Sogn og Fjordane ut året og
mesteparten av tida blir vi i Todalen.
Det er vakkert i min barndoms dal og mykje kjekke folk. Når det vårast
og lamma sprett rundt på bøen oppi Ramsøya, da er det godt å leve.

Eg er særs imponert over Godt Mot og det arbeidet Olaug og Sidsel legg
ned, sammen med god dugnadsånd frå bygdefolket.

Vi ha ein unik plass å ta vare på. Og ikkje nok med det så får vi
Fjellgården på BarneTV som er uvurderlig reklame i beste sendetid.
Kårvatn fekk verdiskapingsprisen både vel fortjent og sær gledeleg for
alle. Gratulerer til minst 3 gerasjonar.

Då vil eg ynskje fastbuande og utflytta Todalingar ein riktig god sommar.

Til slutt så utfordrar eg Mari Todalshaug i Trondheim! 🙂

Helsing Karin

Først publisert: 3. juni 2010, 12:00 - Sist oppdatert: 2. juni 2010, 23:37