Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ligg ikkje på latsida

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Kvar torsdag møtes eit knippe spreke damer til trim i gymsalen på Todalen Skule.  Dette tilbudet har eksistert i alle dei år, faktisk bortimot ein mannsalder fann nokre av dei frammøtte ut i går. I tidlege tider, før dagens gymsal vart påbygd var instruktøren Jean Kvendset, før Ann Kristin Nerland Bruset tok over. Frå hausten 2005 delte  Turid Sæther og Olaug Kvendset på instrueringa, og Turid fortsette åleine frå 2006. Det betyr at ho no held på på 9. året saman med sin trufaste gjeng damer som alltid stiller opp.

Gymsalen er stor, så det er plass til fleire trimmarar desse kveldane fortel damene. Her får ein opp pulsen og alle muskelgrupper får gjennomgå med ulike styrkeøvelsar til litt musikk. Kom og prøv du og lokkar dei!! Passar for alle aldrar.

 

 

Publisert: 21. februar 2014, 15:00