Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lever farleg, men maten fristar

Jon Olav Ørsal Sundag 16. november 2014

Søndag føremiddag beiter 4 rådyr fredeleg på Pestuekra, mesta utmed Skjorahølen. Det er nok fristande med saftig og grønt gras, tiltross for at det kanskje lurer både tobeinte og firbeinte jegrar som lurer.

Midt på ekra har dei gått, men dei har nok retrettmulegheit i fleire retningar dersom dei oppdagar at det er fare på ferde. Det er just ikkje første gongen dei er frampå for å finne ein godbit, og er vel etter kvart vant til at dei får gå i fred. Men det er enno jakttid på rådyr framt til jul, så mykje kan skje enno!

Publisert: 16. november 2014, 14:02