Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Legevaktordninga oppe til debatt

Legevaktordninga oppe til debatt

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2013

Todalen Sanitetsforening starta i går kveld opp att med nok eit aktivt sanitetsår. På årets første medlemsmøte fekk dei attpå til storfint besøk frå Surnadal kommune, representert av assisterande rådmann og kommunalsjef Gunnhild Eidsli og leiar i Helse- og Omsorgsutvalet og varaordførar Lilly Gunn Nyheim. Bakgrunnen for dette besøket var at Todalen Sanitetsforening før jul sendte formannskapet i kommunen ein uttale vedrørande gjennomgangen av den nye legevaktordninga som skal opp til vurdering i formannskapet no på februar.

Lilly Gunn Nyheim ønska i den forbindelse å få lov å besøke foreninga og gjere greie for dette samarbeidet mellom kommunane i orkdalsregionen (Agdenes, Frøya, Hemne, Hitra, Meldal, Orkdal, Rindal, Skaun, Snillfjord, Rennebu og Surnadal). Surnadal kommune hadde tidlegare i haust ei undersøking av denne ordninga, og det er blandt anna desse svara som skal evaluerast ved neste formannskapsmøte. Og her var Lilly Gunn Nyheim klar i tale; ordninga er ikkje oppe til vurdering, ordninga blir som vi har ho i dag. Men det er muligheitene for at ordninga skal bli enda betre dei no skal sjå på. Difor tykte både ho og kommunalsjef Eidsli det var veldig positivt med tilbakemeldingane som kom fram på møtet i Sanitetshuset.

Mange har vore skeptiske til denne ordninga, men det er mykje på grunn av uvitenheit meinte Nyheim. Og her er det lange avstandar og lang ventetid som er dei to gjengangarane. For å betre på dette har Surnadal kommune frå 31.12.12 kjøpt seg inn i ein sengepost ved Orkdal sjukehus. Dette betyr at pasientar som kjem oppover på natta eller som ikkje orkar ei lang reise heim att fordi dei ikkje treng innlegging, kan få benytte senga til dagen etter.

Ho framheva også at det faktisk er rå å få tak i lege ved Surnadal legesenter 6 dagar i veka utanom ordinær kontortid, og det var det slettes ikkje mange av dei frammøtte som var klar over. Ho fortalte at desse timane tidlegare hadde vore forbeholdt særskilte grupper, men no var ope for alle som hadde behov. I følge Surnadal kommune si nettside er legesenteret bemanna frå kl. 19.00 -20.00 måndag -fredag, og på laurdagar mellom kl. 11.00 – 13.00. Men ein må naturlegvis ringje legevakttelefonen til Orkdal først, for så å bli henvist til legekontoret på Skei etterpå. Dette var ønskeleg at skulle komme tydelegare fram frå kommunen si side.

Til slutt orienterte Gunnhild Eidsli litt om influensaen som no herjar over heile landet. Ho fortalte at denne no mest truleg hadde nådd toppen, men Surnadal kommune  har likevel som eit ekstra tilbud til dei som føler for det no muligheiter for å vaksinera seg mot styggheita. Dette foregår førstkommande fredag den 11. januar på helsestasjonen (Familiens hus) i tidsrommet 12-15. Vaksina lyt den enkelte få resept på av sin fastlege og hente ut på apoteket for så å medbringe på helsestasjonen.

Først publisert: 9. januar 2013, 21:29 - Sist oppdatert: 10. januar 2013, 14:31