Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Ungdomshuset fullt av julestemning!

Jon Olav Ørsal Måndag 25. november 2013

Førstkomande laurdag er alle lokale nisseverkstader samla til «fabrikkutsalg» i Todalen ungdomshus. Dei opnar dørene kl 11, og held ope til kl 16.  Det er Elinor og Kristine som har drege i gang denne julemessa, og dei har fått med seg dei fleste lokale aktørane i bransjen, og på plakaten er det stilt garanti for god julestemning.

Her blir det både julegåver, julepynt, julemat, fotografi, postkort, treprodukt, saft og syltety, honning, konfekt og mykje anna å finne. Todalen sanitetsforening selger kaffe og bakels med graut, og gir bort heile overskuddet til NKS sitt fond for dei tyfonramma i Fillipinene.  Ta turen til Ungdomshuset i tidsrommet 11 til 16!  Sjå plakaten her.

Først publisert: 25. november 2013, 20:00 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:42