Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laurdag:  Sesongopning  i  arboretet

Laurdag: Sesongopning i arboretet

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. mai 2012

Laurdag 12. mai er det klart for sesongopning i Svinviks arboret. I arboretet er allereie rododendronblomstringa så smått igang, men den kalde våren har gjort sitt til at blomstringa har bremsa opp litt og er godt «timet» med sesongopninga, fortel Ola Bruset som er vaktmester i arboretet. Bruset fortel at det no er rydda og klart til å ta imot publikum frå både fjern og nær.

Denne sesongen blir nok eit riktig godt blomstringsår for rododendronbuskene som er fulle av knoppar etter ein heller dårleg blomstringssesong i 2011, fortel Bruset. Han reknar med at den forsinka starten på blomstringa gjer at dei får glede av rododendronblomstringa langt utover sesongen i år. Han fortel vidare at det utover våren er det venta mange gruppereiser til arboretet. Mange kjem frå Trøndelag, men også fleire grupper frå andre plassar i landet.

Frå laurdag er også kafeteriaen open, der søstrene Maja og Marit Frønes skal råde  grunnen, i tillegg vil også Berit Eid Sæter og Siv Solstad være der. Dei kan by på mange slags godbitar til kaffekoppen, og håpar at publikum vil kunne nyte sine forfriskninga både i kafeterian og ute på benkane i hagen. Maja er ansvarleg for drifta av kafeterian i år, og deler stillinga med sitt engasjement på museet på Åsen.

Arboretet er no i vårsesongen ope frå onsdag til søndag mellom 12 – 17, medan det måndag og tysdag er stengt for publikum. Her finn du meir informasjon om sommarprogrammet for 2012.

Publisert: 8. mai 2012, 17:50