Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Knut er klar for scena på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juli 2015

Knut Reiersrud kom til Todalshytta fredag kveld, og vi fikk ein kjapp prat med han straks etter at han var komen innafor døra.  Knut gler seg til konsert på Todalshytta laurdag kveld – artig å kome til ein slik fin plass for å halde konsert. Vi får nok høyre mykje flott musikk, og eg forstod at han mellom hadde planer om eit innslag med folketonar frå Nordmøre på lista si.

Reiersrud har farta land og strand rundt med gitarane sine, men har har to kvite flekkar att – mellom Sunndalsøra og Orkanger. Han har opptredd fleire gong på Sunndalsøra men ikkje i Surnadal. Den andre plassen er i Lofoten – utafor Henningsvær.  Det er no ei vekes tid sia han kom att frå oppdrag i New York, og medan har var der har han fått daglege rapportar frå sonen Peder som i sommar har vore dreng på Todalshytta. Peder hadde skrytt uhemma av Todalen og den siste veka har Knut berre gledd seg på Todals-turen.

KnutReiersrud_Gitar_Peis_0750

Nei da – gitaren gikk ikkje i peisen! Knut reierrud var i det spøkefulle hjørnet da vi var innom Todalshytta i går kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Laurdag vil nok bli ein travel dag for Knut, for da står det også laksefiske i Toåa på programmet. Saman med kameratar skal han prøve seg i Ramsøyvaldet, som denne veka er disponert av Todalshytta.  Men laurdag kveld er det full fokus på utekonserten på Todalshytta  –  dei opnar dørene kl 19.00 og konserten startar kl 20.00.  Billetter får du kjøpt på Matkroken Todalen, Surnadal kulturhus og ved inngangen på Todalshytta.  Vi gler oss!

Publisert: 24. juli 2015, 23:14