Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag er det klart for Søyacupen 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. august 2024
Laurdag 24. august er det klart for årets utgåve av Søyacupen på Søyabanen. Med 83 påmeldte lag og rundt 2000 spelarar i alderen 6 – 12 år, er årets utgåve av Søyacupen den største som har vore arrangert gjennom alle tider fortel arrangøren. Så da er Søyabanen rette plassen å dra til for alle fotballinteresserte på laurdag! 
 
Søyacupen har gjennom åra utvikla seg til å bli den klart største «eindagarscupen» i regionen. Sjølv om mykje har endra seg sidan starten tidleg på totusentalet, så er at det ein ting som ikkje har endra seg. Det er nemleg Magne Hansen som framleis er speaker og som har kontroll på kampane og tidene. 
 
Det blir open kiosk med sal av mellom anna bakels med graut og kaffe. Det blir også sal av grillmat, så her slepp ein å gå svolten eller tørst gjennom dagen. 
 
Kampoppsett Søyacupen 2024
 
IL Søya ønsker alle velkommen på årets utgåve av Søyacupen!
 
 
Publisert: 21. august 2024, 17:08