Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag blir det julestemning på låven!

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. november 2014

Laurdag blir det skikkeleg julestemning både på gammellåven og nylåven på Kårvatn. På gammellåven blir det julemesse, der du kan få kjøpt litt tå kvart av husflid og andre heimelaga ting. Bundingsstikkene har gått i eitt rundt heile bygda den siste tida, så strikkavarer blir det å få kjøpt. Elles er det er stekt lefser, koka mølsgraut og laga røykelaks. I butikken på nylåven er det også julestemning, og der blir det nok diska opp med både kaffe, gløgg, kakao og sjølvsagt nylaga pepperkaker. Muligheiter for litt julegåvehandel blir det nok der og, fortel Laila Kvendset ved Kårvatn Fjellutstyr.

Elles kan vi nemne blomsterpapir, honning, treprodukt, knivar og mukje meir. Julemarknaden er open frå kl 12 til kl 16, medan butikken på nylåven er open frå kl 10 til 16. Det er heller ikkje for sein å ordne julekort – Studio Saksen sørger for å få julestemninga over på julekorta, og lagar i god tid før jul.

På julemarknaden blir det eit breitt utvalg av varer. Nedafor finn du ei oversikt over dei som blir med – og kanskje blir det fleire!

• Wenche Østenby Kvendset  lefse og diverse
• Gudmund K Kvendset – trevarer
• Ingrid Talgø  – strikkavarer
• Kikki  – hekling/strikkavarer, lysestaker i sement
• Torill Gjeldnes – honning
• Arild Tøsse  – div røykelaks og gravlaks
• Jenny Kvendset – strikkavarer
• Kari Kvendset – julegodt
• Åse Redalen – eplegele, saft
• Ida Skjerve – produkter i ull, knapper og lekne idéer
• Toril Redalen – plommer, pærer i rødvin
• Bernt Jørgensen – treting, nisser
• Magne Søyset – kniver, div småting/trevarer
• Hilde Valcke – oljer, blomsterpapir, armbånd
• Torunn Nordvik – sitteunderlag, husflid
• Linn Wærdahl Skei – puter etc.

 

Publisert: 26. november 2014, 06:00