Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langt i frå berre blomster

Elinor Bolme Torsdag 20. mars 2014

Som namnet seier, så er ikkje Orkideen blomster og gaver ei enspora bedrift. Etter at dagleg leiar Karen Oddny Gravvold flytta butikken frå Amfisenteret opp til Elektogården i Miljøgata, har ho saman med sine ansatte skapa ein liten oase samansett av eit allsidigt sortement. Lokalet verkar kanskje lite med det same ein kjem innafor døra, men etter ei lita vandring innover, innser ein raskt at her kan ein bruke både litt tid og ikkje minst pengar før ein kjem seg utatt. Her er naturlegvis blomster i alle varianter, pluss krydder, eksklusiv sjokolade, skinnfellar, litt klær, krus, lys, smykker og te og kaffe i alskens variantar.

Orkideen blomster og gaver er ein del av ekteparet Karen Oddny og Sigfred Gravvold si satsning Karen Oddnys heim og hagetjenester som vart etablert i 2007. Dei tilbyr både vasking av ulike slag, hagetjenester, gravetjenester og ellers andre ulike hjelpetjenester i form av både innkjøp, vedlikehald og liftutleige. Sjå om alle tilbuda her

I desse dagar deltek også Karen Oddny på dekorasjon- og sorgbinderikurs på Skjetlein, og litt seinare på våren skal ho delta på brudebinderikurs. – Veldig artig og ikkje minst inspirerande seier ho, for det er jo tross alt mest fokus på blomster det heile stara med, da blomsterbutikken vart etablert. Og ein må jo halde seg oppdatert for å kunne levere til dei ulike anledningane.

Under er eit lite utvalg av den allsidige butikken. Alle foto ElinorB

 

 

 

Først publisert: 20. mars 2014, 07:00 - Sist oppdatert: 19. mars 2014, 22:28