Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Langfredag: Ny vandrepokal til Kjerringdilten

Langfredag: Ny vandrepokal til Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2013

Vi veit ikkje om den er i ekte sølv, men den nye vandrepokalen får i alle fall premiere under årets Kjerringdilt, som blir arrangert på Skihytta langfredag. Vêrmeldinga for langfredag byr i skrivande stund på sol frå blå himmel, og alt ligg til rette for eit vellyukka arrangement. Trimsjef Ivar Helge Kvendset har ordna seg med 100 startnummer, men med både ny vandrepokal og kjempefint påskevêr bør han kanskje utvide serien med startnummer?

Den gamle vandrepokalen har gått i mange år, og det var ikkje få som hadde sikra seg eit napp i pokalen. Det er nok å vinne pokalen to gonger for å få den til odel og eige. Under fjorårets Kjerringdilt sikra Emil Ansnes seg det andre nappet, og fikk dermed pokalen til odel og eige. No er det altså ny pokal og like sjangse for alle.

På Skihytta er det open kiosk for salg av varme pølser og forfriskninger for den som har behov for det. Todalen Idrettslag som er arrangør har også køyrt opp fine løyper, både frå Innerdalsmerket og frå Øyalia.

Først publisert: 23. mars 2013, 21:28 - Sist oppdatert: 29. mars 2013, 20:07