Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Langfredag: Kjerringdilten på Skihytta

Langfredag: Kjerringdilten på Skihytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2013

Langfredag er det bare å sette av til skiaktivitetar på Skihytta på Ørsalfjellet. Da arrangerast Kjerringdilten, der det enno er muleg å sikre seg vandrepokalen som den gjevaste premien. Ivar helge Kvendset i TILs trimgruppe fortel at dei har rusta seg med 100 startnummer, og han håpar at det blir folk til å fylle alle. Kjerringdilten startar kl 13.00, og sjølvsagt blir det premiering.

Han fortel vidare at det blir open kiosk for salg av forfriskningar på Skihytta denne dagen, og det vil bli køyrt på spor både frå Øyalia og frå Innerdalsmerket fram til Skihytta. Det blir også høve til å ta skimerket for den som vil, og elles håpar han på ein kjempefin skidag på Skihytta.  her kan du laste ned plakaten for Kjerringdilten som PDF-dokument, og du kan også følge med langfredagsvêret på yr.no dersom du klikkar på linken.

Publisert: 20. mars 2013, 20:22