Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lang dags ferd mot Todalen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. juli 2014

Roger Fagerdal startar dagen tidleg når han skal til Todalen. I femtida om morgonen, tysdag og torsdag, er han klar til å starte ut frå Melhus for å sørgje for vareforsyning til butikkane på Nordmøre som han har som kundar. Da går turen om Oppdal, og han er klar til å levere varer til første kunde på ruta på Sunndalsøra. Der er han på plass utafor porten mellom 7 og 7.30. Men det er enno langt att til Todalen….

Først må han til Tingvoll ein tur, og så til Meisingset før han stiller seg i kø på Rykkjem for å kome med ferga over til Kvanne. Så er det Todalen og Makroken L. Hals som er neste kunde på ruta. Dit kjem han som oftast i 11-tida, men i dag kom han først i 12-tida. Vart nokre minutt for seint ute til å nå ferga på Rykkjem. Trefte på føremiddagspausen til ferja og måtte vente ein time der.

Roger har eit assortert utval i lasten, og ombord er det både kjølevarer, frysevarer og ikkje minst vanlege daglegvarer til Matkroken. Straks bilen var lossa og mottakskontrollen ferdig sette butikkmannskapet i gang med å fylle inn varene i hyllene. Dnne dagen hadde han med eit parti jordbær, og det var mange kundar som kom og henta jordbær for sylting.

Roger skrytte av spesialservicen han får hos Matkroken i Todalen. Når han har lossa ferdig, tek han lunchpausen sin i kaffekroken og blir da oppvarta med ferdigsmurt lunch.  – Blir mestå bortskjemt her, smiler han, når han tek fatt på dei ferdigsmurte rundstykka. I kaffekroken deltek Roger gjerne i debatten om verdensproblema saman med andre gjestar og er nok etter kvart vorte kjent med mange todalingar der.

MenRoger er aktiv på fleire frontar, og er ofte på motocrossbanen på Kvanne. Han fortel vidare at han likar både banen og folka som er der, og det blir mange laurdagsturar dit for å kjøre på den fine banen. Motorsport er den store hobbyen, så det blir både snøskuterkjøring, roadracing og gatesykkelkjøring. Slenger også med i ein og annan konkurransen, men det har etter kvart vorte ganske vêravhengig. Men det meste av fritida er nok motorrelatert, seier han, før han jumpar inn i lastbilen igjen som set kursen vidare til Bæverfjord og vidare tilbake til Trondheim for å laste opp til neste dag.

På Matkroken L. Hals er det full trøkk for å få varene opp i hyllene. Først fryse og kjølevarene, og så resten av varene. Det er trøkk i butikken no om dagen, for det er mykje feriefolk i Todalen. Terje N. fortel at feriehandelen er større enn julehandelen, og det er travle dagar. Da vi var innom var det Terje Nordvik, Edvart Nordvik og Oda Halle som var på føremiddagsskiftet.

Bilder frå «handlerunden» på Matkroken L. Hals på ein torsdag føremiddag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

 

 

 

 

Publisert: 24. juli 2014, 14:19