Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

LAN i Skulstua heile natta lang

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. august 2019

I Skulstua i Todalen var det berre lyset frå dataskjermane som fortalte at det var full aktivitet. Og aktivitet skal det bli gjennom heile natta, for dei 7 kompisane har innretta seg på ei lang LAN-natt i dei gamle skulelokala.  Her var det tøffe dataskjermar og kabinett som var kobla saman i eit nettverk, og som fekk breibandforsyning via kabel.

Dei 7 kompisane hadde innretta seg med mykje flott maskinutstyr, og mitt eige datautstyr i redaksjonen er nok litt tandert med ein liten laptop og 20″ skjerm i gammeldags format. Men det går da det og.  I Skulstua var alt klart for ei lang natts ferd mot dag.

Og det var spell det gjekk på.  De 7 hadde kobla seg saman og kunne konkurrere mot kvarander med eit spell, der dei kunne hauste poeng og konkurrere. – Og dersom dei fekk behov for ein Cola i nattens mulm og mørke så såg ikkje det ut til å være noko problem, for kjøleskapet på kjøkkenet var fylt opp med Coca Cola med tanke på ei lang natts ferd mot dag.

Det såg iallfall ut som kompisgjengen kosa seg og hadde det reint så triveleg i kvarandres selskap – så spørs det om natta blir lang?

Christian Forbregd hadde ordna seg til eit komfortabelt rede framfor skjermen. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars M. Kvendset og Aron T. Solli i full gang med sine spell. Foto: Jon Olav Ørsal

Kjøleskapet med forsyning med Coca Cola og eit par pizza til naudproviant. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 15. august 2019, 04:00 - Sist oppdatert: 14. august 2019, 21:50