Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lamminga i gang

Lamminga i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. april 2010

Det blir sagt at Holmenkollstafetten er vårens vakraste eventyr, men vi tillater oss å halde ein knapp på at det er saulamminga som skal ha den æra. Sikkert er det i allfall at saulamminga no e kome igang og at det er litt av eit eventyr.  I fjøset hos Bjørn Kvedset på Trøå lamma den første sauen måndag og nummer to kom på tysdag. Tilsaman 5 lam som såg ut til å ha det som plommen i egget. Sjefen sjølv var ikkje heime da vi var innom, men vi fekk nokre bilde lell.

Bjørn har 57 lamsauer som etter kvart skal sørge for liv for til saman 141 lam. Fosterteljing tidlegare i vinter har nemleg avklara med ganske stor sikkerheit jor mange lam dei skulle få. Det vart gjort for at dei skulle fôre sauene rett etter kor mange foster dei bar på. Det blir nok travelt ein månad framover, etter som siste sauen vart para 15. desember, og sauen går drektig i ca 5 månader. Bjørn jobbar på MøreTre så når han er på arbeid er det foreldra Ola og Svanhild og kjæresten Mari som deler på vakta.

Til sommaren skal dei på beite i området rundt Kjerringa, mellom Todalen og Ålvundeid. Det er etter kvart knytta stor spenning til jervplaga i området, og det er nok ei stadig spenning og det er ikkje rart at saueigarane er engstelege. Jervplaga har gjort at den eine etter den andre har slutta med saudrift dei siste åra. Men, først skal vi iallfall glede oss over vårens vakraste eventyr ein månad framover.

Publisert: 6. april 2010, 19:02