Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lamminga går mot slutten…

Lamminga går mot slutten…

Jon Olav Ørsal Måndag 23. april 2012
Frå Mari Redalen har vi fått fleire bilde fra lamminga på Trøå. Mari og Ingrid har vore til god hjelp for sambuar og bror Bjørn i lamminga, og har bruka av ferien for å hjelpe til i fjøset. Mari skriv i e-posten til Todalen.no: «Etter mange rundar i fjøset, og mange seine våkenetter begynner det no å nærme seg slutten for lamminga i år. Torsdag passerte vi 100 lam, men det er forsatt nokre etternølarar att.»
Det er nok eit yrande liv i mange sauefjøs no om dagen. Men dersom det blir litt varme no, så blir det nok godt å kome ut på beite. Det vil nok ta litt tid før sauer og lam kan sleppes til fjells enno, for snøen ligg enno rannheil når du kjem oppå bronkanten. Men om ein måneds tid vil det nok være klart for fjellbeite.
Nedafor finn du eit lite bildegalleri frå lamminga på Trøå.   Alle foto: Mari Redalen
Først publisert: 23. april 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 22. april 2012, 21:04