Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksestart i Surna – Storlaks ved Vindøla Camping

Jon Olav Ørsal Sundag 1. juni 2014

Ved midnatt opna laksefisket i Surna. Håpefulle fiskarar stod klare med fiskestonga, da startraketten gikk til himmels presis ved midnatt.  Den første laksen lot vente på seg, og det var først ei stund utpå føremiddagen at det vart resultat. Det skjedde like ved Vindøla Camping, og den heldige laksefiskaren var Jostein Kvammen frå Romsdal. Vekta slo ut på heile 11 kg.

Laksestart2014_Fyrverkeri_2329

Mons Otnes var oppskytingsbas, medan elveigarledar Georg Solem var ansvarleg for nedteljinga og campingvert Jarl Skei kontrollerte at det gikk rett for seg. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

Sesongstarten skjedde ved Brekkøya Camping, der mange gjester var møtt fram for å feire den 25. sesongstarten for campingen og opninga av årets sesong.  Tradisjonelt er det ordføraren som tenner startraketten som markerer sesongstarten, og dei siste åra er det Mons Otnes som har hatt denne oppgåva. Ledar i elveeigarlaget Georg Solem var ansvarleg for nedteljinga, som gikk via radio til knutepunkt leger oppe i elva. Presis kl 00.00 gikk raketten til himmels, og laksesesongen var i gang.

Men meldingane om fangst lot vente på seg, heilt til søndag føremiddag, da gladmeldinga altså kom frå Vindøla Camping. Etter ein laber fjorårssesong hadde det vore på sin plass med eit godt fangstår, og sjølv om det var litt tregt dei første timane ser det ut til at det er håp for årets sesong, sjølv om vårløysinga er på hell og det no er heller lita vassføring i Surna.

Publisert: 1. juni 2014, 12:53