Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laksen  biter  i  Toåa

Laksen biter i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Litt regn det siste døgnet gjorde susen for laksefisket i Toåa. Det vart litt større vassføring og det ga litt farge på vatnet. Ein blidspent halsabygg som heiter Johan Nygaard, kom til Todalshytta med ein fin holaks tysdag ettermiddag. Vekta stoppa på ca 6 kg og den var 86 cm. Nygaard tok laksen i Skjorahølen, og det skjedde på tredje kastet i dag, kunne han fortelje. Det er no god vassføring i Toåa, og ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset reknar med at det blir bra fiske utover veka.

Publisert: 19. juni 2012, 17:26