Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laksefisket igang i Surna – Toåa startar 15. juni

Laksefisket igang i Surna – Toåa startar 15. juni

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. juni 2011

Natt til onsdag, nærare bestemt kl 00.00, starta laksefisket i Surna. Det tok ikkje lange stunda før den første laksen vart landa, og fleire fulgte hakk i hel utover natta og morgontimane. I Surna startar fisket 1. juni i år, og varer til 31. august, medan fisket i Toåa og Bævra startar 15. juni og går til og med 15. august. Altså ein månad kortare i Toåa enn i Surna. I Søya er fisketida frå 15. juni til 31. juli i år. I dei fire lakseførande elvane i Surnadal gjelder desse tidene for såkalla anadrome fiskelag, altså både laks og sjøaure.

Både Driva, Tidens Krav og Trollheimsporten har fått med seg starten på laksefisket i Surna natt til onsdag. Her koan du laste ned vedtaket om fisketider frå Direktoratet for naturforvaltning.

Publisert: 1. juni 2011, 23:00