Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laksefisket  godt  i  gang

Laksefisket godt i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juni 2012

Dei første laksane frå Toåa er forlengst komne på land. Fisket etter laks- og sjøaure starta fredag 15., og den første laksen kom på land alt første natta. Den var på 4-5 kg, og i tillegg seier ryktebørsen at ein på 6-7 er teken. Sikkert er det i allfall at Tor Lerstang og Terje Lind tok kvar sin smålaks på føremiddagen søndag. Terje Lind tok ein på knappe 4 kg i Skjorahølen, medan Tor Lerstang tok sin på rundt 3 kg 0mtrent samtidig i Inneråhølen. Ellers kan fleire rapportere om at dei har hatt laks på kroksen som dei har mista. Toåa steig utover dagen søndag, og det er venta meir resultat av laksefisket mot kveldinga.

Både Tor Lerstang og Terje Lind er for veteranar å rekne i Toåa. Tor Lerstang er i sin 40. sesong i år, så det er eit aldri så lite jubileum som kan feirast. Terje Lind fiska her første gong i på slutten av 60-talet, men har ikkje vore her årvisst i denne perioden. Lerstang kjem frå Horten, medan Lind er frå Oslo. Den komande veka har dei leid elv i Ramsøya nokre dagar. Dei fortel at det er mykje laks i elva og ventar berre på at det skal litt betre forhold.

Når dei er på fiske i Toåa, bur dei på Todalshytta. Der er det mykje gammel fiskehistorie i dei over hundre år gamle veggane, sia Lort Philips og mange prominente gjestar frå England rådde grunnen her først på 1900-talet. I dag er Todalshytta i Kristiansund og Nordmøre turistforenings eie, og det er Åse Grydeland Øyen som driver hytta.

På Todalshytta er det eit fint fiskarmiljø, og dei fleste laksefiskarane i Toåa bur her når dei er i Todalen på laksefiske, men også andre brukar Todalshytta som base når dei er her på laksefiske.

Publisert: 17. juni 2012, 19:30