Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laksefisket  fortsett  –  ingen  endring

Laksefisket fortsett – ingen endring

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juli 2012

Toåa er ei av tre elvar på Nordmøre som er pålagt å gjennomføre midtsesongevaluering. Det er direktoratet som har har krevd dette, og vurderinga er gjort pr 10. juli. Ola Bruset fortel imidlertid at tala for Toåa ser bra ut, og gytebestandsmålinga her har gode marginar til krava som direktoratet for naturforvaltning har sett. Det blir derfor ikkje sett i verk noko ekstraordinære tiltak i Toåa denne sesongen.

Og sesongen i Toåa varer fram til 15. august både for fisket både etter laks og sjøaure. Fram til 10 juli var det fiska tilsaman 49 laksar med ei samla vekt på rundt 190 kg. Det vil seie at gjennomsnittsvekta så langt i sesongen er på knappe 4 kg med smått og stort. Bruset seier at låg temperatur har hemma fisket noko, for det er mykje fisk i elva og vassføringa har vore ideel for fisket gjennom heile sesongen som i Toåa starta først 15. juni.

Publisert: 20. juli 2012, 12:35