Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefiskarane i Toåa har starta nedteljinga

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juni 2019
Laksefiskarane har alt starta nedteljing til årets sesong i Toåa. Her startar vi laksefisket 15. juni kl. 00.00, og dersom alt går som det skal varer sesongen til 15. august, seier leiar for Todalen Elveeigarlag Asbjørn Karlsen. Elveeigarlaget disponerer det meste av den 8 km lange strekninga frå Todalsfjorden og oppover til Storfossen som er lakseførande.

Leiar i Todalen elveeigarlag, Asbjørn Karlsen, er spent på årets sesong i Toåa. Blir det eit nytt storlaksår? Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Det er knytt stor spenning til årets sesong, for fjorårets sesong var slett ikkje noko å skryte av.  Men i naboelvane som alt har starta fisket frå 1. juni, så ser det ut til at det blir eit år med mykje storlaks. No er vi berre spent på om den tendensen vil gjera seg gjeldande her og.

På tredje kastet vart det fast fisk og fjorårets første laks for Frank Øgrim. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Det såg også lenge ut til at snøsmeltinga kunne bli ferdig tidleg, men ein kald mai gjorde at snøsmeltinga bremsa opp, og det vil nok være med og sikre vassføringa ei stund vidare utover juni, og blir det litt regn så vil tilhøva kunne bli bra.

Elles er ikkje KNT Todalshytta open som betjent turisthytte i år, men KNT har lagt til rette for sjølvbetjening både i Ishuset og i Jomfruburet, til saman 8 senger, så det skulle da bli brukbar løysing.  I tillegg er det overnattingskapasitet både på Kårvatn og ved Todalen brygge. 

Nytt av året er at du no kjøper fiskekort og rapporterer fisket på den nye nettløysing til elveguiden.no. Den er no opna for kjøp av fiskekort og i tillegg vil du som før kunne kjøpe fiskekort på Matkroken L. Hals.  Her vil du også treffe gode kolleger for å skryte av fangsten din over en kaffekopp med noko attåt.  Elles kan du lese meir om laksefisket på Todalslaks.no og på elveguiden.no, der du kan kjøpe fiskekort.

 

Først publisert: 12. juni 2019, 06:00 - Sist oppdatert: 11. juni 2019, 18:35