Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laksefestivalen i full gang…

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juni 2014

Torsdag starta Norsk Laksefestival 2014, med fagdag om vilkårsrevisjonen for Surnavassdraget. Det var nok ein viktig dag for å belyse framtida for både Surna og andre elvar i området. Det dårlege laksefisket har nok ei samansett problemstilling. Det rammar ikkje berre laksefiskarane, men også Laksefestivalen, turistnæring og næringlivet elles. Laksefestivalen når nok høgdepunktet i dag, laurdag, med rikhaldig program både på dagtid og på kveldstid. Her kan du laste ned programmet for heile festivalen som avsluttar søndag.

Programmet laurdag ser slik ut:
07.00 – 13.00  Fiskekonkurranse
08.00 – 10.00  Gratis frokost til ALLE
10.00 – 19.00  Martnadsgate
10.00 – 13.00  Nordmarkstråkket
11.00 – 21.00  Bergstrøms tivoli
11.00 – 12.30  Energikampen kvalik.
12.00 – 18.00  Helikopter
13.00 – 14.00  AMFI talenter
14.30                Finale Energikampen
15.00                Premieutdeling + kåring av årets Laksekonge/Laksedronning
21.00 – 01.00  Utekonsert med Staut og Johnny Logan

Vi har nokre bilde frå frå marknadsgata tidleg fredag ettermiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. juni 2014, 09:52 - Sist oppdatert: 22. juni 2014, 10:54