Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Lagbilder frå Todalsdagen 2013

Lagbilder frå Todalsdagen 2013

Jon Olav Ørsal Måndag 1. juli 2013

Laurdag var det over førti fotballkamper på Bordholmen. Det var full rulle heile dagen på 5 banar, og det var full innsats frå knøtter, miniputter og lillegutt/jente frå dommaren blåste i gang første kamp og til finalekampen mellom Rindal og Molde var blåst av på tampen av dagen. Alle fikk sin personlig premie som eit minne frå Todalsdagen 2013, og i lillegutturneringa var det flotte lagpokalar til bronsefinalistane og finalistane. I samband med premieutdelinga var det tradisjonell fotografering.

Vi har laga eit fotogalleri der alle lagbila er lagt ut. Regnbygene utover føremiddagen gjorde ikkje tilhøva optimale for fotografen, men etter beste evne har vi ved hjelp av Photoshop rydda unna nokre regndråpar som klarte å lure seg med på bilda. Laga kan fritt laste ned bilda til eige bruk, men dersom nokon av laga har ønske om høgoppløst bilde av sitt lag så ordnar vi det. Send oss i såfall ein e-post til redaksjonen (red@todalen.no) så ordnar det utan kostnad.

Dersom vi har bomma på namnsettinga av lagbilda er det fint om vi kan få melding om dette på e-post, slik at vi kan korrigere.

Nedafor finn du bildegalleriet med lagbilda frå Todalsdagen 2013.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juli 2013, 10:47