Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Låg  vassføring  skaper  problem  for  stamfisket

Låg vassføring skaper problem for stamfisket

Jon Olav Ørsal Fredag 20. september 2013

Det er no rekordlåg vassføring i Toåa. Det skaper store problem for Todalen elveeigarlag som no skulle sikra stamlaks til Rossåa Settefisk til ein ny generasjon smolt som skal være klar for utsetting i 2015. Vi sett no vårt håp til at regnvêret som er meldt i neste veke kan gje såpass vassføring at vi kan få laksen opp i elva, slik at vi får fanga inn nødvendig utval i stamlaks for å sikre genene, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no

Det var fredag ei vassføring ved målestasjonen i Storfossen på 0,46 m3/sek, og det er svært sjelden at det er så lita vassføring i Toåa. Dersom det skal bli muleg å fange inn stamlaks til ny produksjon må det bli større vassføring. Og nå begynner det å haste, for stamfisket bør være ferdig før laksen gyter. Siste frist er nok mot slutten av oktober, seier Bruset.  Du kan også lese om fisket i Toåa på www.todalslaks.no.

Publisert: 20. september 2013, 18:00