Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Lær om poding i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 28. februar 2016

Laurdag 5. mars tjuvstartar Svinviks arboret 2016-sesongen. Dei trossar vinter og snø og kjører i gang med poding av frukttre . Dersom du er interessert så er det ope for publikum frå kl. 12 – 15.  Arboretet får besøk av podemester Per Arne Myraunet frå Frosta som skal hjelpe til med podinga, og det blir høve til å stille spørsmål og så sjå ein erfaren podemester i arbeid.

På denne dagen blir det open kafe, og vi anbefaler å ta turen til Svinviks arboret for å sjå og lære om poding av frukttre. Meir informasjon om arrangementet finn du her ved å klikke på lenka:
http://www.nordmore.museum.no/hva-skjer/surnadal/svinviks-arboret/poding-av-frukttr%C3%A6r

 

Først publisert: 28. februar 2016, 08:00 - Sist oppdatert: 11. april 2022, 21:17