Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ladar opp til laksestarten

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. juni 2017

Da vi stakk innom Todalshytta tidlegare i kveld var oppladinga til årets laksestart alt i gang.  Heile gjengen satt til bord og kunne nyte den 5-retters middagen på tampen av ventetida.  Kjøkkensjef Jan Larsen hadde mykje godt på lur, og når vi listar opp er eg usikker på om eg fekk med meg alle rettane, men det var  pannekaker, laks, tiur og røy og hjort og til dessert var det Creme brulee og til kaffen hadde Åse Øyen vore innom med kake.

Men frå midnatt blir det ein annan dans – da er nok gjengen komne på plass på elvekanten, og da gjelder det å få laksen til å bite.  Som oftast går det ikkje så lang tid før den første laken sitt på kroken, og da håper vi at våre lesarar kan få være med og dele gleda.

Det blir nok ikkje så mykje på nettet i kveld, for vi har straumstans frå kl 10 og kanskje heilt til klokka 6 torsdag morgon.  Men tvi – tvi!

Publisert: 14. juni 2017, 21:50