Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Løftatur  på  tirsdag,  i  sanitetens  veke.

Løftatur på tirsdag, i sanitetens veke.

Elinor Bolme Laurdag 25. september 2010

Neste veke arrangerast sanitetens veke rundt om heile landet. Også her i Todalen vil dette behørig bli markert. I år er temaet  fysisk aktivitet og ernæring i eit forebyggande perspektiv som står i fokus. Difor har Todalen Sanitetsforening i år utvida den årlege Løfta turen litt.

Turen går som vanleg opp til Løfta med start frå Sanitetshuset, nedatt til hovedvegen og inn att ved byggefeltet på Kvendsetøran. Undervegs vil det i år verta naturst med spørsmål om laust og fast. I tillegg vil det på mesta alle postane vera ei overrasking å finna. For å gjera det litt meir spanande for dei unge, vil alle startar få eigne kart for å ha med seg på turen, der postane er inntegna. Premiering vil det og naturlegvis verta.

Etterpå, når alle er vel rundtkome, vil Gunn Tove Svinvik diske opp med mykje forskjellege TINE-produkt for prøvesmaking. I tillegg blir det kaffe og utloddning.

For å lese meir om Saniteten og deira arbeid, kan ein gå til http://www.sanitetskvinnene.no/ for å lese meir.

Publisert: 25. september 2010, 09:02