Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kyrkjetonar  til  velbehag

Kyrkjetonar til velbehag

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. oktober 2011

Onsdag kveld inviterte Todalen sokneråd til «Kyrkjetonar året rundt» med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor som aktørar. Det vart ein slags kavalkade på jubileumsåret for Todalen kyrkje som snart går mot slutten. Der fekk vi smaksprøvar på salmar og songar frå heile kyrkjeåret, og det starta med adventssalmen «Görer portarna höga».  Vidare på programmet var det både jule- og påskesalmar før programmet gikk vidare utover året på «rundturen».

Det vart eit varierande program, der det også var fletta inn allsong og tekstlesing. Sjølvsagt finn ein faviorittar i eit slik program, og eg må nok gi til kjenne at eg vart mektig imponert over framføringa av Halleluja-koret frå oratoriet «Messias». Den er krevjande, men koret kom godt ut av det. Elles lika vi julesalmen «Stilla natt» som var framflørt med svensk tekst, og spiritualen «Were You There» som var litt svingande.

Etterpå fikk Bernt Bøe overrekt blomster og stor takk for arrangementet og for den store jobben han har gjort i høve kyrkjejubileet. Han har vore krumtappen i alt som har hatt med song og musikk å gjøre og har i tillegg vore forfattar for jubileumsheftet som kom ut til jubileet i samarbeid med todalen historielag. Ildri hadde vore i det lyriske hjørnet, og hadde skrive helsing til Bernt på rim. Dette sette han stor pris på. Tilslutt var det kyrkjekaffe og tid til ein triveleg prat rundt borda, før folk gikk heim kvar til sitt.

Her finn du fleire bilete frå songkvelden i Todalen kyrkje.    Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. oktober 2011, 06:00