Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2010

Måndag kveld (kl 18) er det dugnad på Todalen kyrkjegard. Kyrkjeverga oppfordrar bygdafolket til å hjelpe til med å rette opp skeive gravstøtter og rydde opp etter ein lang og kald vinter. Dei oppfordrar karane til å ta med trillebår, spett og spade, medan kvinnfolka bør ta med rive.

Og sjølvsagt blir det pause med dugnadskaffe i løpet av kvelden. Dei håper at flest mogeleg har høve til å vera med, for da er det for gjort!

Publisert: 7. mai 2010, 18:23