Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kyrkja  jubilerer

Kyrkja jubilerer

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. januar 2011

For Todalen kyrkje blir 2011 eit år med stor aktivitet. Kyrkja blir nemleg 150 år, og startar jubileumsaktivitetane med misjonsfest søndag kveld 30. januar, der misjon og sokneråd er arrangør. Her vil det bli tale og musikk av Bjørn Hovde, samt at vi får eit historisk tilbakeblikk på kyrkje og misjon i Todalen. Elles vil det bli både song og trekkspel, der Karen Oddny og Sigfred Gravvold opptrer saman med Oddmund Solem. Og sjølvsagt blir det servering.  Sjå plakaten her

Seinare blir jubileet markert kvar månad i 2011. Men som sagt går startskotet søndag kveld – når todalingane samlast til misjonsfest og historisk kveld med song og musikk. Etter å ha sokna til Stangvik og rodd fjordane i mange hundre år, fekk Todalen vigsla sitt eige kapell 11. september 1861. Hovudarrangementet i jubileumsåret blir same dato – nøyaktig 150 år etter.

Inntil da vil soknerådet sørge for å gjera kyrkja og jubileet synleg ved månadlege kulturartiltak – konsertar, spesielle gudstenester, barneopptrinn, temaopplegg, bokutgjeving og framheving av kristeleg arbeid som har vore og blir gjort i bygda. Misjon er sentralt tema denne første kvelden. Todalen har ei av landets første misjonsforeiningar – stifta i 1845 og altså eldre enn kyrkja. Ein vil fokusere på verksemda mellom anna ved at mangeårig leiar Margrete Hals blir intervjua om “gammelforeninga”.

Nesset-presten Bjørn Hovde deltek med tale og tonar. Karen Oddny og Sigfred Gravvold, Oddmund Solem og fleire sørger for musikk på festen. Organist Bernt Bøe leier allsongen og gir elles glimt frå lokal historikk. Misjonskvinnene syter også for servering på årets første jubileumskveld for Todalen kyrkje.

Først publisert: 25. januar 2011, 07:41 - Sist oppdatert: 30. januar 2011, 23:44