Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kyrkja: Dugnadsarbeidet er godt i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. mai 2014

Dugnadsgjengen er godt i gang med arbeidet med å klargjere kyrkja for eit nytt målingsstrøk. Tysdag var to puljer i arbeid med å vaske og spyle vekk lort og sopp frå veggane på baksida av kyrkja. Dette arbeidet vil fortsett torsdag, med ein dugnadsgjeng på dagtid og ein ny gjeng på kveldstid. Dugnadssjef Ragnar Halle er godt nøgd med arbeidet så langt, og reknar med at ein kjem langt med både vasking og skraping i løpet av torsdag. Dersom det er naudsynt vil ein ta resten på laurdag, seier Ragnar.

Spyling og skråping for å få vekk sopp og lort før målararbeidet tek til.  Foto: Jon Olav Ørsal

Spyling og skråping for å få vekk sopp og lort før målararbeidet tek til. Foto: Jon Olav Ørsal

Da todalen.no var innom var det Jan N. Bruset og Ivar Bolme som dreiv med spyling. Ragnhild A. Moe var der for å servere dugnadkaffe til gjengen. Det er no 12 år sia sist kyrkja fekk eit målingsstrøk, og det er nok på høg tid at det blir ein ny runde. Etter ein tørkeperiode etter vaskinga og skrapinga blir det ny dugnadsrunde der dugnadsgjengen får svinge målarkosten. Da blir det behov for ein større dugnadsgjeng for å få arbeidet unna.

DSC_0943

Jan N. Bruset i gang med høgtrykksspylaren. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_0950

Ragnhild A. Moe held styr på timetalet som er bruka på dugnaden. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. mai 2014, 22:41