Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kvitveisen blomstrar

Kvitveisen blomstrar

Elinor Bolme Måndag 7. november 2011

I dag har vi fått ei helsing frå Jorunn Ness som tok seg ein luftetur på føremiddagen. Ho gjekk nedme elva mot Gunnøya då ho oppdaga ein blomstrande kvitveis. Litt spesielt tykte ho, og vil derfor dele den med oss.

Om ein slår opp kvitveis i wikipedia kan ein lesa dette: «Den forbereder seg så tidlig som på høsten til blomstringen neste vår, og på vinteren under snøen bruker den smeltevannet og lyset slik at den kan springe ut i blomst lenge før trærne får blader». Så dette tyder vel på at denne er litt ute av lage av den siste sommaren som ikkje var nokon sommar og dei få døgna med mildver i den siste tida…

 

Publisert: 7. november 2011, 19:42