Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvinner i politikken – hadde det nokon betydning?

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. november 2013

Pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal minnest da kvinnene kom med i politikken. Som kjent fekk kvinnene allmenn stemmerett i 1913, men det var først lenge etter 2.verdskrigen, på 1970-80-90-talet  – at kvinner slapp til i kommunestyra utover landet. Slik var det også på Indre Nordmøre. På møte i Indre Nordmøre senioruniversitet 13. november vil kvinnelege pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal samtale – med Eivind Hasle. Han er innleiar og samtaleleiar –  om korleis dei opplevde deltakinga si i politikken, kva slags reaksjonar dei møtte frå mennene, veljarane , partiet og familien, og kva slags saksområde dei kom til å engasjere seg i. Betydde det noko for det politiske innhaldet, dei politiske prosessane og for vedtaka at kvinnene kom med ?  Korleis ser dei i ettertid på den politiske ”karrieren” sin ? Elles er det ønskeleg med innspel og synspunkt frå salen, og som vanleg blir det kaffe, kake og prat etterpå. Arrangementet er i Surnadal kulturhus onsdag 13/11 kl 1100, der alle er velkomne.

Først publisert: 5. november 2013, 18:00 - Sist oppdatert: 6. november 2013, 23:57