Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kvenndalsboka i sal

Kvenndalsboka i sal

Ole Petter Talgø Onsdag 1. desember 2010

Frå Lars Steinar Ansnes har vi fått melding om at boka «»Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» no er i sal. Forfattarar er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Stangvik Historielag står som utgjevar. Denne boka er ei vandring gjennom eit gammalt kulturlandskap, som opp gjennom tidene har vore bruka både til setring, markaslått, ymse næringsverksemd, jakt, rekreasjon og anna aktivitet.

Stangvik Historielag arrangerar bokkveld på Stangvik skule tysdag 7. desember. Der vil forfattarane presentere boka gjennom ord og bilete. Under bokkvelden kan du og få kjøpt signerte eksemplar av boka. Servering og gratis inngang.

Boka er på 192 sider, innbunden og i A4-format.

Oversikt over innhaldet:

  • Setrene og seterbruket. Historisk oversikt for kvar seter. Vidare omtale av personar,
  • dagleglivet, reidskap, seterprodukt, spesielle hendingar m.m.
  • Markaslått
  • Løer
  • Kvenndal gard
  • Ferdselsårer (vegar, stigar, bruer, vad)
  • Vassdrag (elver, bekkar, vatn, tjønner)
  • Stadnamn
  • Ymse former for næringsdrift
  • Jakt, hytte- og friluftsliv
  • Turruter
  • Verneplanen og verknadar av denne
  • Planteliv
  • Fugleliv
  • Litt geologi (korleis landskapet vart forma m.m.)
  • Hendingar og historier
  • Intervju med fleire titals personar som fortel om eigne opplevingar frå seterliv,
  • markaslått og anna aktivitet i området.
  • Over 200 bilete, dei eldste frå tidleg på 1900-talet.
Først publisert: 1. desember 2010, 06:02 - Sist oppdatert: 2. mai 2013, 00:02