Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kveli – Rånes – Bremseth til Surnadal

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. februar 2020

Humortrioen har underheldt over 100 000 publikummarar med dei fire første showa sine: Nye tusen kan no plussast på når dei kjem med sitt nye show «Lenge leve», av dei også nokre hundre når dei gjestar Surnadal kulturhus tysdag 3. mars.

I «Lenge leve» får vi eit gjensyn med fantasibygdene Brein, Lein og Klein. I tillegg til Stein, Jostein og Arnstein Brein, Lisbeth Fiskelykken, Arne Lein og Elling Mellingsmo, dukkar det også opp nye figurar som den sjølvhøgtidelege bedriftseigaren Hjørnstein Brein Strand, reinhalderen B.G. Brein, Afrika-grynder Torbjørn Eger, healaren Dr Acula, nyheitsreporter Alf Midtskille og energibunten Miss Unni Verseth.

Arnt Egil Rånes er også kjent som sologitaristen i DDE, Sigmund Kveli og Harald Morten Bremseth har begge fleire noregsmeistertitlar i revy. Saman utgjer dei eit humormusikalsk kinderegg med ein originalitet og timing som publikum, tydeleg nok, elskar.

Kveli, Rånes og Bremseth er klar for Surnadal kulturhus! Foto: SK

Publisert: 25. februar 2020, 17:11