Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kveldsmesse med ny liturgi

Kveldsmesse med ny liturgi

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2012

Onsdag kveld var det kveldsmesse i Todalenen kyrkje, der soknerådet prøva den nye liturgien som deira forslag med litt modernisering. Det er ikkje så store forandringar i den nye liturgien, men den er modernisert og tilpassa lokale tilhøve. Samtidig fikk vi også helse på den nye vikarpresten, Dag Øivind Østereng. Han skal skal tjene her, medan sokneprest Bernt Venås har permisjon utover hausten.

Etter kveldsmessa inviterte soknerådet til samling, med kaffeservering og soknemøte. Der vart det diskutert den nye lokale grunnorninga for hovudgudstenesta som er soknerådets forslag.  Her kom det fleire meiningsytringar, og det fråsegnet som skal sendast til biskopen for godkjenning vil nok bli tilpassa så godt som muleg til lokale tilhøve som passar menigheita.

Bilde frå kveldsmessa og soknemøtet etterpå.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 18. oktober 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 17. oktober 2012, 22:38