Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kva skjer i bygda?

Kva skjer i bygda?

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. oktober 2011

I oktober er det få aktivitetar som er komne inn på aktivitetskalenderen som ligg på Todalen.no. Aktivitetskalenderen er eit godt supplement til oppslagstavla på ICA, og dei andre oppslagstavlene rundt bygda. Her kan vi legge inn alle typar aktivtetar og få med kvar det skjer og når det skjer. Ikkje minst er dette nyttig for å «okkupere» datoar for ditt arrangement, slik at andre lag og organisasjonar kjem med aktivitetar som kolliderer.

Send oss informasjon ved å bruk kontaktskjemaet, som du finn under «kontakt oss» på menylinja, eller klikk her for å kome direkte dit.  Da vil vi sørge for å legge inn opplysningane som er naudsynt på kalenderen. Hjelp oss å halde aktivitetkalenderen ajour og meld også frå om det skjer endringar som avlysing, eller endra tid og dato.

Publisert: 8. oktober 2011, 14:52