Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunstutstilling – Odd besøker Skulstuå og byr på seg sjølv

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2020

I sommar blir det kunstutstilling i Skulstuå.  Søndag 12. juli kl. 14 opnar Odd Ingar Skrøvseth si kunstutstilling, der han viser måleri, tresnitt, litografi og monotypi.  Odd starta først som kunstnar på fritida, men sia 2010 har kunsten vore hovudaktiviteten.  Stikk du innom så får du sjå…

Odd er egentleg frå Surnadal, men har kone frå Todalen, og har difor etter kvart vorte sterkt knytt til Todalen og hytta som familien har der.  Odd, som er utdanna sivilagronom, har gjennom heile den yrkesaktive karriera vore knytt til Tine-konsernet. Han har der arbeidd i ulike stillingar både i Ålesund, Bergen og no sist i Oslo.

Som kunstnar har han skaffa seg variert skolering i faget, og har praktisert både teikning, måling og generell biletkunst. I Oslo hadde Odd eige atelier i ein periode fram til 2016, der han jobba saman med andre kunstnarar på Ensjø i Oslo.  Men i det siste har han etablert seg med atelier heime på Råssåkastet som den koselege hytta heiter.

Her er motivet Holmen, Rambjøra og Mjølbøra. Foto: Jon Olav Ørsal

Mange av motiva hans har utgangspunkt i bydelane Kampen og Gamlebyen i Oslo, men elles er det og mange motiv frå Nordmøre også med inspirasjon av Hyldbakk «Nordmørsminne». Odd har hatt fleire utstillingar i Oslo i seinare år, men han har også stilt ut her på traktene. I 2012 var han saman med dotter Ingunn festivalutstillar på Norsk Laksefestival og i 2017 hadde han separatutstilling som Vårsøgkunstnar i heimbygda. Både i 2017 og 2019 deltok Odd i «Lauvfall» som er ei juryert haustutstilling for Møre og Romsdal.

Elles er det ei kjent sak at Odd er i nær slekt med Kalla Skrøvseth, som er ein kjent kunstnar frå Surnadal. På spørsmål om han har hente inspirasjon hos tante Kalla, så svarar Odd at han har kanskje det. Men han understrekar at han heile tida har gjort det han har hatt lyst til og det har først han dit han er i dag.  – Og det må da være nokon som likar det eg lagar, for kunsten eg lagar går da unna. Og vi trur på Odd når han seier at han trivs godt og kosar seg i atelieret sitt. Det er innreidd i eit lite påbygg til hytta som altså heiter «Råssåkastet».

Kunstutstillinga opnar søndag:
Søndag er det altså tid for opning av kunstutstillinga i Skulstuå eller Gammelskulen som mange seier i dagligtale. Da er det opning kl 14 og ope til kl. 17.
Elles er det ope torsdagane 16. og 23. juli frå 17-19 og søndag 19. juli frå 14-17. Elles kan utstillinga opnast etter avtale i perioden 12.7. til 2.8.  Odd Ingar vil være til stades når utstillinga er open.  Elles kan han treffast på telefon 913 65 726.

Todalsøra sett frå området ved båthamna i Sissigrenda. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 6. juli 2020, 18:31