Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kun få koppar igjen

Kun få koppar igjen

Elinor Bolme Laurdag 20. juli 2013

Matkroken, som er vårt utsalgssted for todalen.no-effektar melder no om kun få todalen.no-koppar igjen. Etter ei finteljing har vi no berre 14 stykk att, der den eine er av det første opplaget i kvit, utan hank. Resten er svarte med hank.

Termosar derimot har vi fortsatt rikeleg av. Desse kan også kjøpast på Matkroken. Dei tek 0,75 liter og har trykktopp, slik som dei fleste termosar har no til dags.

Vi har også nokre klistremerker til å for eksempel ha på bilglass for litt over snittet patriotar, slik som bilen under som vart observert i rundkjøringa på Klett sist måndag. Slettest ikkje verst reklame.

Er det nokon som kunne tenkt seg eit par, er det berre å ta kontakt med oss i redaksjonen.

Etter snart 4 år i drift har vi dei fleste effektar med logoen vår på, og gir rundhanda ut både penner, isskråper, buffar og slapwraps (refleksband) ved ulike anledniger.

Publisert: 20. juli 2013, 18:26