Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturvandring  til  Åsbøhagen

Kulturvandring til Åsbøhagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2013

Måndag 13. mai inviterer Stangvik historielag til kulturvandring til Åsbøhagen og besøk i smia hos Ola Polden. Han er litt av ein tusenkunstner, og det blir nok eit interessant og artig besøk, for han har både mykje å vise fram og mykje å fortelje. Dette er den første av 4 kulturvandringar som Stangvik historielag skal ha i løpet av sommaren 2013. Historielaget ønskjer alle velkomne til å delta på lagets kulturvandringer.

Kulturvandringar 2013:
Åsbøhagen måndag 13. mai kl. 1900:
Besøk i smia til gjørtler Ola Polden i Åsbøhagen. Ola vil vise og fortelje om arbeidet med å lage bjeller, supaklokker, lysestakar og andre ting i messing.
Ta av frå hovudvegen ved Rabbleet og kjør til snuplasssen ved fjøset i Åsbøhagen.

Ålvundfjorden torsdag 6. juni kl. 1900:
Kulturvandring i Ålvundfjord med Nils T. Ulvund som omvisar. Det blir same opplegget som i fjor da avlsutninga av turen regna bort. Oppmøte ved skulen i Ålvundfjorden. Ferge frå Kvanne kl. 1830.

Storsetra i Stangvik laurdag 20. juli kl. 1030:
Oppmøte ved Bondehuset kl. 1030 og samkjøring til bommen på den nye skogsbilvegen. Orientering om gammel seterdrift, flora og fauna på seterstølen. Ta med mat og drikke. Verforbehold og alternativ dato er laurdag 27. juli kl. 1030.

Torviksetrene laurdag 10. august kl. 1100:
Oppmøte og parkering ved mjølkerampen i Torvika. Randi Lysø blir med og viser veg. Turen opp tek ca.1 time ++.

Ny medlem på Todalen.no: Stangvik historielag har fått eiga underside på Todalen.no. Det ligg ein link som heiter «Stangvik historielag» under «Organisasjonar» til høgre på sida. Der kan de lese meir om laget, slik som oversikt over styre, grendakontaktar etc.

Publisert: 2. mai 2013, 22:24