Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturkveld med trøkk på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 8. august 2014

Det var full trøkk og mykje god og variert underhaldning da Pakkhuset Kro inviterte til Nordmørskveld torsdag kveld, der overskotet frå kvelden gikk til Eirik Halles utdanningsfond. – Eirik vart hard skadd i ei ulykke på vårparten, og er no under opptrening igjen og har god framgang i opptreninga, fortalte Kitty Eide da hun kunne ønska velkomen til gjestane på Pakkhuset.

Nordmørskvelden på pakkhuset kunne by på både god mat og kultur både lokalt frå «indre strøk» og frå Nordlandet. Siri Lund hadde sørgja for ekslusiv traktering i mat vegen. Ho hadde laga «Sirisuppe», som var ei smakfull og eksotisk klippfisksuppe etter eiga og hemmeleg oppskrift, og den falt i smak hos publikum.

På kulturfronten starta Øystein Moe med visesong, og forsette samaqn med Rune Moe med «utsikt frå Streinna» – ei vise etter Jon Lund. med forsterkningar frå Einar Husby, John Moe og Kikki Moe var neste innslag «Grendavisa» etter Leif Halse. Kitty Eide fortsette vidare som forsongar til Todalssongen som allsong.

Kongebesøk var det også. Johan Øiestad parodierte både kongen og Eggen, og det var helsingar både frå dronningen og resten av familien. Sjølvsagt vettuge innspel frå Rosenborgtroppen, og elles var vi innom både Steinfeldt, Ole Paus, Tor Erling Staff, Torvald Stoltenberg, Åge Hareide og fleire til.

Frå Kristiansund eller rettare sagt Nordlandet fekk vi smakebitar frå Marokkokabareten, med Jan Erik Larsen og Inger Lise Bævre, samt Inge Bævre på gitar. Larsen drodlet litt rundt «First House», og framførste songen «First Hybel» med typisk kabarettekst skrevet av Larsen sjølv. Vart spesielt begeistra for monologen som Inger Lise framførte om vaskekona på ferja. Inger Lise avslørte forresten ei fantastisk songstemme!

På Pakkhuset er det forøvrig stor aktivitet denne helga, for fredag kveld arrangeres det «Spansk aften», med ein rikhaldig buffet med spanske rettar som kokkane Siri Lund og Francesc Perez Baldo.

Bilder frå Nordmørskvelden på Pakkhuset finn du i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. august 2014, 12:09