Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturkalenderen for september

Kulturkalenderen for september

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2011

Karstein Telstad på Surnadal kulturhus melder at kulturkalenderen for september er klar for postkassane. Dei har eit rikhaldig program, som startar allereie neste helg, 2.- 3- september, med Plekterfesten 2011. Det går føre seg både på hotellet og i Kulturhuset, og her får vi gjenhør med mange band frå regionen. Og her blir det rikeleg med mulegheiter til å mimre- og drømme seg bort.

Vidare opnar Nordmørutstillinga «Kunstslepp ved lauvfall» den 24.9., og har ope til 9.10. Det skjer i Finstuå, og nytt i år er at det skjer i samarbeid med Kristiansund kunsforening.

Det neste store er 10. klassens kulturprosjekt «Back to the 80’s» som startar 27. september og går fram til 29. september, altså 3 framsyningar med lokal revykunst. Her er det berre å kjøpe billett!

Her kan du laste ned kulturkalenderen for september som PDF-fil.

Publisert: 27. august 2011, 10:00