Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturgata og litt agurkstoff

Kulturgata og litt agurkstoff

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. juli 2013

På ein tung og grå regnvêrsdag høver det godt med eit innslag frå den store verden, eller nærare bestemt frå Sjøgata i Mosjøen. Mosjøen er eldste byen i Nordland, og Sjøgata er som eit levande museum.  Sjøgata er heilt unik, og her har dei klart å ta vare på miljøet og dei gamle trehusa samtidig som dei har klart å halde gata levande. Absolutt verdt å ta ein avstikkar dit dersom du er på traktene.

Gata er levande både på dagtid og kveldstid, men det er nok størst aktivitet utover ettermiddagen og kvelden. Mange av dei gamle husa har nok endra bruksområde og er i dag galleri for utstilling av både kunst og brukskunst av forskjellig slag. Eit trettitals kunstnarar har sine utstillingar i dei mange galleria, og om kvelden er det intimkonsertar og mykje anna underhaldning.

Denne veka har festivalen «Uten filter» gått for fullt med både kunst, musikk og film i fokus, og mange slags opptredener frå utescena. laurdag kveld er den store byfesta, da folk går mann av huse og du må rekne med at heile kvelden går med for å kome seg frå pub til pub gjennom Sjøgata.

Torsdag føremiddag tok vi turen nedover Sjøgata med kamera. Det var nok litt for tidleg på dagen til å få med det yrande folkelivet. Mykje av aktivitetane skjer i Sjøgata foregår nok etter at det er slutt på fotolyset, for her er det ope så lenge det er folk! I bildegalleriet nedafor får du i allfall eit inntrykk av korleis det ser ut i Sjøgata på dagtid.     Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. juli 2013, 14:32