Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturdag på Årnes – med tur til Øversetra på Hamnes.

Marit Haugen Måndag 2. september 2019

Eit 30-tals personar var samla utafor Hamnesvikan sist laurdag for å delta på siste post i årsprogrammet for Stangvik Historielag, eit samarbeid mellom Hisorielaget og Turstigruppa på Årnes. Før vi starta orienterte Svein Aarnes om turen opp skogsvegen, som var nyrydda heilt opp til den gamle seterstølen. På Hamnes hadde dei tidlegare to setrer, Nersetra og Øversetra. På Nersetra setra dei til 1940, men på Øversetra tok setringa slutt tidlegare.

Det vart fullt i grendahuset… Foto: Marit Haugen

Langs vegen hadde Svein Aarnes sett om mange namneskilt. Vi gjekk bl.a. forbi Suttudalsmyra og Kleiva som Torstein Hamnes d.e. fortel om i eit stykkje i årsskriftet for Stangvik Historielag 2015. Der skildrar han ein tur far hans og bestefar til «gammel-Lars» i Vikan gjorde da dei ein vinterdag skulle hente høy oppå setra, med hest og slede. Etter at dei kom oppi Suttudalen var det ei bratte «kneppe» før dei kom oppå Kleiva. Som han skriv, var det «utruleg bratt der, og mesta berre berg og lidt jordrask og lyng på». Dette var siste brattå før dei kom oppå Kleiva, hesten glei og det bars nedatt, heilt nedpå myra. No er det bygd skogsveg her, men vi forstod godt at det kunne vera trasig å koma fram med «kjørbør’n» her før denne vart bygd – det var bratt på båe sidene av vegen.
Oppå «Klæven» gjekk vi forbi kvilebua til Torstein Hamnes, her var det postkasse med bok – og fin utsikt utover «fjordainn», mot Vargøya, Flessastranda og over til Solemsfjellet og Bølia. På turen vidare opp, gjekk vi forbi eit skilt med eit litt «frammondt» namn: Søllaterpanna. Eit forslag på forklaring av namnet var at det hadde noko med soldat å gjere, rett nedafor var det ei flate, som kunne minne om ein ekserplass…. («søllater» = soldat, «panne» = flate???)

Etter å ha passert kvilebua, kom vi til Søllaterpanna. Foto: Marit Haugen

Vi gjekk stort sett gjennom forholdsvis opent lende, men oppe på setervollen var det grana som rådde grunnen. Heldigvis var den «tynnt», husa er borte for mange år sia, men vi såg godt novsteinane. Her var det og postkasse med trimbok. Mange lurte på kvar seterbekkjen var, oftast renn det ein bekk attmed seterstølane, men her såg vi ingen…. , det skulle vist vera ein liten bekk litt bortafor setervollen, og eit oppkomme oppunder lia attafor der dei kunne ha avkjøling på mjølka. – No leid det og såpass på dagen at mange tok fram nista og termosen.
I godt selskap går tida alltid fort, og vi var nok litt etter tidsskjema da vi kom ned til bilane for å kjøre tilbake til Årnes og samlinga i grendahuset. Her venta det oss som vanleg eit gildt kakebord, rundstykkjer, graut og bakels.

Etter at den verste svolten var stilna, losa Bernt Bøe oss gjennom eit foredrag om båter som var bygd og bruka heromkring, som han hadde kalla «Skuter og stemmer – Fartøy og Fartøyfolk – Brødrene, Embla og andre lokale skuter». Her fekk vi og høre opptak der Kristian Aarnes (frå ca 1960) og 90-åringen Peder Sjøflot fortalte minner frå tida «te sjøss».
Etter litt allsong, las Gunn Signe Aarnes eit stykkje som Torstein Hamnes d.e. hadde skreve om «Min første bytur med bestemor», der han beskriv ein tur i året 1900 der han og bestemora fekk vera med Embla til slektningar i Kristiansund da den skulle ut på sild’fiske.

Målet er nådd – ved tuftene på Øversetra. Foto: Marit Haugen

Svein Aarnes har mykje kunnskaper om «gammel-tida», både om folk, hendingar og namn på stader i utmarka. I sommar har han vore «primus motor» for merking av stiar og oppsetting av namneskilt på Torviksida av fjorden, mot Storsetra i Stangvika, og innover fjellet mot Sivertvarden, Engerlivarden og Langvatnet. Han hadde og hatt god hjelp frå Randi Lysø med denne merkinga, og dei hadde hatt mange fine turar oppover liene og innover fjellet. Stangvik Historielag ville gjerne gje han ei lita påskjønning for dette arbeidet, i første omgang fekk han blomster av nestleiar i laget, men det kjem ei meir «varig» gåve seinare, som han kan sjå på og minnast timane han hadde uti «Torvikliene» – vel utført arbeid!
Det var «stappfult» og retteleg «basarstemning» i det vesle grendahuset, og dagen vart avslutta med loddsalg og trekkjing av mange fine gjevinstar. Takk til alle som var med i «arrangementskomiteen» for ein triveleg dag!

Fleire namskilt oppover lia. Foto: Marit Haugen

Svein Aarnes orienterte om turen før vi starta. Foto Marit Haugen

Publisert: 2. september 2019, 05:00