Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kultur og planteliv i Tågdalen

Kultur og planteliv i Tågdalen

Jon Bruset Måndag 9. juli 2012

Søndag 8. juli var det fellestur til Tågdalen naturreservat i Surnadal. Tågdalen ligg på Austre Nordmarka ovanfor Dalsegg på grensa mot Rindal ( ca. 400 moh.). Området var heilt fram til 60-talet i bruk som slåttemark og det meste av området er rikmyr med artsrik flora. Tågdalen naturreservat vart oppretta i 1996 og i 2007 vart det sett i drift ein meteorologisk målestasjon her.

Guider på turen var Asbjørn Moen (med aner frå Todalen/Bøfjorden) frå NTNU og Lars Olav Lund frå SNO. Det har frå 1970-åra vore dreve forsking på plantelivet i området og det blir kvar sommar dreve slått på myrene for å halde slåttemarka open . Det var opprinneleg fem høyløer i verneområdet. Og den eine, Svartvassløa, vart teken ned og restaurert i 2011. Tågdalen ligg ein lett tur frå parkeringsplassen i Krokvassdalen etter bomveg (kr.50,-) frå Dalseggvegen. Det blir ny tur under Vandrefestivalen 5.august kl. 11 med same guide.

Nedafor finn du fleire bilde frå turen til Tågdalen naturreservat.  Alle foto: Jon Bruset

Publisert: 9. juli 2012, 14:22