Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kultur i oktober

Kultur i oktober

Jon Olav Ørsal Tysdag 27. september 2011

Vi skriv snart oktober, og ny kulturkalender fra Surnadal kulturhus er på gang. I oktober er det fleire godbitar som står på programmet, og  i tillegg til mange kinoforestillingar er det både teater, danseforestilling med Riverdance og folkeakademiet kjem med forestillinga «Johansen skiftar genser». Men før oktoberprogrammet startar er det ein hektisk innspurt på septemberprogrammet, der Normørsutstillinga held fram til om med 9. oktober. Tysdag kveld var det premiere på 10.-klasseprosjektet «Back to the 80`s«. Dei har og framføring onsdag 28. og torsdag 29. september, der det enno er ledige plassar i skrivande stund. Her kan du kjøpe billett. Her kan du laste ned kulturkalenderen for oktober 2011.

Publisert: 27. september 2011, 23:15