Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kultmakarkveld  med  Thaimat

Kultmakarkveld med Thaimat

Jon Olav Ørsal Fredag 15. oktober 2010

Laurdag kveld er det Kultmakarkveld i Ungdomshuset. Da Todalen.no var innom Ungedomshuset fredag kveld var kjøkkengjengen i full gang med førebuinga. Dei skal nemleg servere Thaimat denne kvelden. Det var stor entusiasme å spore i produksjonen av vårruller, og matduftene eg kjente ga dei beste signal for å anbefale kveldens siamtallerken. Og dette blir nok ekte saker, for med på kokkelaget var Malii Brusethaug, som nok har spisskompetanse på Thaimat. 

Kultmakarkvelden startar kl 20 presis, og det heile startar med salg og servering av Thaimat. Festsjef Hauglann reknar med fullt hus, så det vil nok lønne seg å vera ute i tide. Vidare utover kvelden vil vi få innslag med kultmakarane Bernt Vatten frå Halsa og Arne og Lars Landsem frå Rindal. Dei vil vera med og dra i gang underhaldninga, men arrangøren understrekar at også publikum kan bidra med gode historier dei har på lager. 

Her finn du plakaten for Kultmakarkvelden 

Publisert: 15. oktober 2010, 22:00