Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kultmakarkveld  med  «nogo  attåt»

Kultmakarkveld med «nogo attåt»

Jon Olav Ørsal Sundag 17. oktober 2010

Todalen Idrettslag samla eit lite femtital publikummere da dei arrangerte Kultmakarkveld i Todalen ungdomshus laurdag kveld. Dei innleia kvelden med salg og servering av Thaimat, og kokkelaget må jammen få skryt for nytt og friskt innslag på matfronten. Til undehaldninga hadde dei fått forstekningar frå nabokommunane Halsa og Rindal, og spesielt Arne Landsem framføring av «Visarbekren» fall i smak.

Landsembrødrene Arne og Lars framførte fleire viser frå revymiljøet i Rindal og dei hausta stor applaus for sine innslag. Frå Halsa kom Bernt Vatten med mange gode historier som hadde forskjellige graderinger og varierte tema. Vi fekk også nokre lokale innslag med både skrøner, sanne historier og sjølvsagt innslag som kunne vere litt på kanten.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra Kultmakarkvelden i Ungdomshuset.      Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. oktober 2010, 11:40